Nytt fra styret 27. Mars

Det blir ein travel vår. Me kjenner alle at våren er her (basta!) og det klør i fingrane etter å koma i historiske klede. Me avslutta mars med ein fin tur på Viga-Ljot og Vigdis, det gav meirsmak. Kan nokon skriva eit spel?I april kjem me til å ha fokus på tekstiler. 13. april vert det eit lite foredrag hovudplagg med Vibeke og Astri, dei har med mønster og lin om nokon vil begynna på ei birgittahette/koif. Om du ynskjer rikare stoffer er dette god inspirasjon for prosjekter til syhelga. 14. april kan rikare stoffer anskaffast. Me pakkar me oss i bilar og køyrer til Lekvattned i Sverige, (ca 2 timar austover frå Ottestad), der Elna har lova å halda The Historical Fabric Store open for oss utover kvelden. 

22. og 23. april samlar me oss til syhelg på Utvandrermuseet. Me prøver å få laga noko fellesmat, kanskje historisk, og syr i kor. Torunn er behjelpeleg med mønster om du skriv ned kva du vil sy i påmeldinga (kjem snart). Målet er å koma godt i gong med (eller kanskje til og med bli ferdig med) klede til årets festivalar.

Aktivitetsplanen for resten av våren er klar, kalender på nettsida vert oppdatert, så følg med. Me håpar me har fått til ei god blanding av kveldar med og utan tema. Det er alltid lov å ha med handarbeidet. Har du innspel til tema, send ein mail til styret, så får me ein kjekk haust også. Følg som vanleg med på nettsida, der påmelding til festivalar og fellesting dukkar opp snart.Viktige datoar: 11.april : påmelding Sverigetur og syhelg14.april: Sverigetur22.-23.april: syhelg1.mai: Påmelding Hamar middelalderfestival og Oslo Middelalderfestival. (Info kjem)

Forrige
Forrige

Tur til Sverige

Neste
Neste

Nytt frå styret mars 2023