Nytt frå styret mars 2023

Det har gått litt tid sidan siste oppdatering frå styret, men det betyr ikkje at det ikkje skjer spanande ting i foreininga. Sidan siste oppdatering har me har funne oss til rette i lokala på Utvandermuseet, hatt vekentlege medlemskveldar, gjennomført to (to!) skokurs med Hans Gunnar Pedersen, og me har hatt årsmøte. Det nye styret takkar årsmøtet for tilliten og me takkar samstundes Laila (styremedlem) og Truls (vara) for innsatsen dei har lagt ned over mange år.

Det nye styret hadde sitt fyrste styremøte 6.mars, med Vibeke som leiar, Astri som kasserar, Kari Lovise som sekretær, og Simen og Lennart som styremedlemmer. Varamedlemmer til styret er Anne og Mari. Me fekk sendt inn oppdatering til Brønnøysund og snakka om kva me har lyst til å få til i løpet av våren.

Fyrst og fremst har me fått ordna det slik at me vert verande på Utvandermuseet fram til sommaren. Det kjem plan for resten av halvåret snart. Dersom du har lyst til å bidra med noko: eit 30 minuttars foredrag om hårvask, innføring i korleis laga mjød, læra vekk nålebinding, middelalderdans, gregoiansk munkesang eller du berre har lyst til å snakka om favorittkongen din, send oss ei melding så ser me om me kan det til. Om du ikkje har tid før sommaren så har me ein haust å planlegga også.

Dernest prøver me oss på litt helgeaktivitet. 24.mars tek me ein teatertur med Fortellinga om Viga-Ljot og Vigdis. Me bestiller som gruppe, men må dekka bilettane sjølv. Sjå eigen mail om dette. Ellers prøver me å få til ein tur til Sverige etter påske for å handla stoff i Torsby, ei helg med småsnikring leia av Simen (krakkar og skeier og alt som er kjekt å ha, men som ikkje krever ein dreiebenk) og omsyning i Domen med Ranveig (for å fullføra turen i borga me byrja på i januar).

Til slutt: Det er snart festivaltid! Oslo går av stabelen siste helga i mai 26.-29.mai, medan Hamar svingar seg opp som vårens vakraste eventyr 9.-11. juni. Hald augene oppe for påmelding, og tenk gjennom kva du har lyst til å bidra med. Dette kjem også til å verta eit tema på medlemskveldane framover, så møt opp!Medlemskveldar før påske er torsdag 16.mars, tysdag 21.mars og torsdag 30 mars.

Forrige
Forrige

Nytt fra styret 27. Mars

Neste
Neste

Statister til teater innlandet