Innvitasjon til syhelg

Me har alle eit syprosjekt me skulle blitt ferdig med til festivalane og sommaren. Ein ny serk, eit sett med hoser, ein ny kjole, kanskje ei kappe? Det er berre litt vrient å koma i gong. Det å finna mønster, måla opp, teikna av og så skal du jo klyppa. Hjelp! Angsten for saksa er reell. Då er det kjekt å ha nokon som kan sparka ein i baken og hjelpa deg. Her kjem sparket.

22. og 23. april samlar me oss på Utvandermuseet og syr i kor, som Vibeke seier. Om du treng mønster, har Torunn sagt at ho kan hjelpa til, berre ho får beskjed på førehand, så ho kan finna fram.

Ta med stoff, tråd, nål, blyant, papir, måleband, sakser, godt humør og kom og sy med oss!

Me har lyst å laga felles mat, kanskje noko frå middelalderen, så me treng påmelding for planlegginga sin del.

Påmeldingsfrist 16.april.

Påmelding til middelalderforening@gmail.com

Forrige
Forrige

Oslo Middelalderfestival

Neste
Neste

Tur til Sverige