Vårmarknad i Gildehallen

Midgard vikingsenters venneforening arrangerer vårmarknad på Midgard Vikingsenter søndag 7.april.

Dette ser ut til å vera ein bitteliten søt marknad for å sparka i gong sesongen og ein fin mogleghet til å skaffa seg litt godsaker før Oslo Middelalderfestival. Me inviterer difor til ei historisk utflukt med tur på marknad, vikingsenteret, og (om vêret er bra) gravhaugane.

Me samlar folk i bilar og køyrer i kolonne til Horten. Kvar bil deler bensin/lade/diesel- og bompengar. Inngong kostar 100 kr, 70 kr om me er fleire enn 10 vaksne.

Praktisk info:
Påmelding seinast tysdag 2.april.
Oppmøte: Utvandrermuseet, 08.45
Avreise: Utvandrermuseet, 09:00
Klede: Gjerne historiske klede, men det er ikkje påkrevd. Me er på søndagstur.


Forrige
Forrige

Siste nytt etter påske!

Neste
Neste

INVITASJON TIL VINTERFEST